Kontakt oss
Nyheitsbrev
Ynskjer du å utvide nettverket ditt i Sunnfjord? Få informasjon om våre arrangement i nyheitsbrevet vårt. Vi lovar å ikkje mase.
Vi har bestilt strålande vêr og utepils-stemning når vi skal sparke i gong Sunnfjord U40 på takterassen (den skjulte juvel!) til Kunstmuseet.
Kom i gang igjen etter ferien saman med U40! Lukk døra på jobb og ta strake vegen på Pikant for ein ettermiddag med god mat og stemning. Frå kl 18:00 spelar Pikant sin eigen @AisecMusic Følge med og trykk "delta" på facebook-eventen for oppdateringar!
Heilekonferansen samlar næringslivet i Sogn og Fjordane til foredrag og paneldebattar med lokale, regionale og nasjonale aktørar, over to dagar, frå lunsj til lunsj. For medlemar av SunnfjordU40 vert det eit festlig sidearrangement på torsdagen. Meld deg inn i Sunnfjord U40 for å få tilgang. Gratis for deltakarar på konferansen. Meir informasjon og påmelding til […]
Førde klatresenter inviterer til lågterskel buldrekveld for Sunnfjord U40. Ingen krav til forkunnskap. Ta på ei tøyeleg bukse, resten fiksar vertskapet. Deltakarane betalar kun for drop-in på klatresenteret til kr 125. Så får vi låne sko og sele av klatresenteret.
Nysgjerrig på spare- og investeringsstrategi, eller nysgjerrig på glas med bobler i? Vi begynner med basic børs for nybegynnarar, og tar deg vidare gjennom tema som investeringsstrategi og ulike typar investeringar. Ida Hundvebakke frå Aksjekaffe tar oss igjennom børs-programmet. Innimellom tar Camilla Aasen frå Vestavin oss med til fire ulike hjørne av bobleverda: Champagne må […]
21. oktober kl. 19 opnar Kunstmuseet årets siste utstilling med teikningane til førdianar Kay Arne Kirkebø. Sunnfjord U40 og Kunstmuseet slår seg saman om denne opninga: Endeleg ei kunstutstillingsopning i Førde på kveldstid med bobler og musikk! Du får oppleve skulpturell teikning og animasjon. Kirkebø teiknar ei djup verd med industri, betong og menneskelege figurar. […]
Trøtt i trynet litt utpå hausten? Fortvil ikkje, her kjem oppfriskinga du har venta på. Tysdag 25.oktober kan du nemleg starte dagen med Kjetil frå Sognefjord Kaffibrenneri – før du får ti tips til motivasjon og forventningar i arbeidslivet frå Sigurd Granmark. Tysdag 25. oktober inviterer Sunnfjord U40 til oppvakning på fleire plan. Vi startar […]
Over 30 personar valde å kjøpe billett til HIGHASAKITE med U40 vorspiel i forkant. Vi møtast i baren på Larris eit par timar før konsertstart og bygger nettverk. Det er ingenting i vegen for å ta turen om du ikkje skal på konserten òg. Kva er vel betre enn å treffe litt nye folk på […]