Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

UTSOLGT // Kaffi og karriereprat

25. oktober 2022 kl 08:00 - 09:30

- 150kr
Smilende voksen mann med armene i korsSigurd Granmark

Trøtt i trynet litt utpå hausten? Fortvil ikkje, her kjem oppfriskinga du har venta på. Tysdag 25.oktober kan du nemleg starte dagen med Kjetil frå Sognefjord Kaffibrenneri – før du får ti tips til motivasjon og forventningar i arbeidslivet frå Sigurd Granmark.

Tysdag 25. oktober inviterer Sunnfjord U40 til oppvakning på fleire plan. Vi startar nemleg dagen klokka 08.00 med Kjetil Russenes frå Sognefjord Kaffibrenneri. For kjenner du forskjell på ein kaffi frå Sør-Amerika og ein frå Afrika? Viss ja, kan du jo briljere her. Viss nei, får du svaret denne morgonen. Kjetil tar med seg eit utval kaffibønner, og fortel litt om kaffi, frå kaffiplante til ferdig kaffikopp. Vi smakar oss gjennom dei ulike typane, før vi avsluttar med å trakte kaffien vi skal nyte til føredraget. Her får du også noko å bite i.

Når kaffien har begynt å verke, køyrer vi på med haustens karrieretips! Vi får nemleg besøk av Sigurd Granmark som har vore toppleiar for norske og internasjonale selskap, som no driv konsulentselskapet All in. Sidan han slutta som leiar av Adidas Norge har han kartlagt over 1000 organisasjonar. Få, om nokon, har betre oversikt over kva bedrifter ser etter i medarbeidarar og leiarar i framtida – og kva du kan gjere for å imøtekomme dette.

Denne morgonen lærer du meir om:

  • korleis du kan ta ansvar for eigen motivasjon og karriere.
  • kva ferdigheiter som vil gjere deg attraktiv i arbeidsmarknaden i framtida.
  • kva du kan forvente av framtidas arbeidsgivar.

Stad: Prosjektsenteret hos Lotteri- og stiftelsestilsynet i Storehagen 1. Vi står utanfor, så du finn vegen inn!

Tid: Tysdag 25.oktober 08-09.30. Dersom du droppar kaffien, men vil rekke foredraget bør du vere på plass til 08.20.

Kvifor: Sunnfjord U40 gir deg ein energiboost du ikkje vil gå glipp av inn mot haustmørket.

50 plassar:  Førstemann til mølla!

Detaljar:

Dato
25. oktober 2022
Tid:
08:00 - 09:30
Billettpris:
150kr

Lokale

Storehagen 1B
Storehagen 1B
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
25. oktober 2022
Tid:
08:00 - 09:30
Billettpris:
150kr

Lokale

Storehagen 1B
Storehagen 1B
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart