21. oktober kl. 19 opnar Kunstmuseet årets siste utstilling med teikningane til førdianar Kay Arne Kirkebø. Sunnfjord U40 og Kunstmuseet slår seg saman om denne opninga: Endeleg ei kunstutstillingsopning i Førde på kveldstid med bobler og musikk!
Du får oppleve skulpturell teikning og animasjon. Kirkebø teiknar ei djup verd med industri, betong og menneskelege figurar. 3D-effekten hans manar fram ei historie fortalt med arkitektur og humor.
Les meir om han her:
https://www.kayarne.net/
https://misf.no/kunstmuseet/opplevingar/kak-22
Opningskvelden er gratis og gjev deg inngang alle utstillingar fram til kl. 22, teikning, talar, bar frå Kafe Sobra – og kanskje ei lita overrasking.