Kontakt oss
Nyheitsbrev
Ynskjer du å utvide nettverket ditt i Sunnfjord? Få informasjon om våre arrangement i nyheitsbrevet vårt. Vi lovar å ikkje mase.
Gløgg, pepperkaker og juleverkstadsaktivitetar i kantina på Peak Sunnfjord. Enivest er kveldens vertskap og viser oss nokre enkle oppskrifter på ikkje-grell julepynt. Dersom du ynskjer å gjere gløggen din ekstra raud er medbragt lov. Ta på din styggaste julegenser og bli med!
Velkommen til kick-start av Friluftslivets år for unge vaksne! Bli med på ein stemningsfull kveld rundt bålet laurdag 18. januar, saman med andre friluftsglade unge vaksne. Oppmøte: Vi møtast ved Vieåsen barnehage kl. 18.10. Bybussen frå busstasjonen kl. 18.00 tek deg rett dit om du treng transport! Frå barnehagen går vi i samla tropp opp til […]
Har du «få deg nye vennar», «vere meir sosial» eller «seie ja til meir» som nyttårsforsett? Då har du ingen grunn til å ikkje til å bli med på Bowling & Bonding med Sunnfjord U40! Vi legg opp til bowling-kveld — den perfekte måten å bli kjent med nye folk. Det vil bli tilfeldig fordeling […]
Førde klatresenter inviterer til lågterskel buldrekveld for Sunnfjord U40! Ingen krav til forkunnskap. Ta på ei tøyeleg bukse, resten fiksar vertskapet. Du betalar kun for drop-in på klatresenteret: kr 130. Leige av sko: 60 kr Aleksander frå ressursgruppa er på plass for å ta alle i mot👋
8.mars er dagen for å hylle kvinnene som har kjempa for rettar som å gå i bukse, stemme, gå på jobb og kjøpe sin eigen heim. Dei som har vist at om vi vil – så kan vi og! Sjølv om vi har kome langt, er det viktig å markere dagen. Spesielt med aukande uro […]
Sunnfjord U40 og Førde Klatresenter inviterer til U40 Buldreleikane! Bli med på buldreleikane og opplev ekte kameratskap og meistring i lag med andre frå U40 💪 Dette er ei klatreutfordring for absolutt alle, enten du er ein nybegynnar eller ein klatremester 🧗♀️ Her gjeld det å erobre så mange ruter som mogleg på buldreveggen – […]
Maol og sup med Huldri! Onsdag 9. april kl. 18:00–21:00Huldri Galleri, Naustdalsvegen 5Pris: 390 kr – tapas inkludert! Er du klar for ein kreativ kveld utanom det vanlege? Vi inviterer til "maol og sup" – eit sosialt og kunstnerisk pusterom der du får lære å male i godt lag, med Huldri sjølv som instruktør! Her treng […]
Kveldsmattur til Gytta! I samarbeid med Sunnfjord U40 inviterer Indre Sunnfjord Turlag til ein koseleg kveldsmattur for unge vaksne! Oppmøte: Vieåsen barnehage kl. 19.10 Transport: Bybussen frå busstasjonen kl. 19.00 for dei som treng skyss Turlengde: Ca. 1 km / 200 høgdemeter Frå barnehagen går vi saman opp til dagsturhytta Gytta, der vi finn både bålpanne, gapahuk […]
Sunnfjord filmklubb og U40 inviterer alle til ein særskild semesterslutt, der film, musikk, vin og fellesskap smeltar saman. Ilag med U40 samlast vi denne gongen på ELVESUS og forvandlar lokalet til ei scene med konsertfilmen Stop Making Sense, med det ikoniske rockebandet Talking Heads! Dette vert eit musikalsk bakteppe for kveldens stemningsfulle samankomst; her er […]
Bli betre på mingling og small talk! Vi får med oss Anne Mette Hjelle på workshop for å dele tips og erfaringer for å bli betre på mingling og small talk. Perfekt både for deg som skal på fleire Elevate-arrangement, og for deg som tenker at dette kan ein bli betre på. Billett inkluderer kurs […]
Tradisjon tru rundar vi av karrierefestivalen Elevate med eit smell! Sunnfjord U40 inviterer i samarbeid med Elevate ALLE over 20 (jepp - også deg over 40) til Gatefest på Pikant 13. juni. Dørene opnar 19:00 og det blir moglegheit til å kjøpe burger til ein hyggeleg pris Tidlegare The Voice-vinnar og stjernekamp-deltakar Martin Halla speler […]
Er du klar for fart, konkurranse og god stemning? Bli med på Gokart onsdag 19. juni kl. 19:00! Du får køyre 3 heat à ca. 10 minutt, fordelt på to grupper. Når ei gruppe køyrer, slappar den andre av og minglar. NB! Maks 20 plassarPris: 500 kr per person - Betalast på Gokartsenteret. Påmelding er påkrevd grunna […]