Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

DNT x U40 // Utforsk blåisen på Haugabreen!

1. september kl 08:00 - 18:00

- kr200–kr400

Har du eit ynskje om å prøve brevandring og oppleve blåisen på nært hald?

Folk kjem frå heile verda for å sjå breane våre, men mange av oss som bur her midt i Brenoreg har aldri opplevd dei på nært hald. Indre Sunnfjord Turlag vil ta deg med inn i dette landskapet av frose vatn til leik i blåisen. Det vil bli utfordringar og opplevingar for alle uansett fysisk form og mot.

Sundag 1.september reiser vi frå Esso i Førde kl. 08 og frå Høyset i Stardalen kl.09 (vi prøver å fylle bilane mest mogleg for samkøyring til Haugadalen). Passering av bom i Haugadalen kostar 50,- pr.bil. Bommen har automatisk registrering av bilskilt, der ein betalar til bankkonto innan 48timar eller får ein faktura i posten. Etter ein times gange er vi ved foten av Haugabreen. Når vi har fått på oss stegjern og breselar knyt vi oss inn i tau. Turlaget har det utstyret som skal til dersom du ikkje har slikt sjølv. Lån av utstyr med i turavgifta.

Etter ein ny halvtime er vi ved brefallet der sprekker og eggar tek form.I dette eventyrlandskapet legg vi opp til litt forskjellige aktivitetar. Nokre vil kanskje prøve å kome gjennom labyrinten mot breplatået. Andre kan få prøve å klatre med klatreøkser i isveggane. Det vil bli forskjellige vanskegrader i klatringa  – frå lett til vanskeleg. Klatrerane vert sikra med topptau. Er det nokon som berre vil vere i blåisen utan å finne på noko spesielt, så er det også eit alternativ. Vi brukar dagen dersom veret er bra og er nok ikkje nede igjen før ca. kl.17.

Kva må du ha med?

Det kan verte kaldt på breen, så ha gode varme klede, hanskar (eit tynt par à la arbeidshanskar og varme hanskar/vottar i tillegg), hue, stillongs og gjerne ei ekstra varm jakke til å ta på i pausar. Det er viktig med stive, høge fjellsko for å få stegjerna til å sitte godt på. I tillegg til ekstra klede bør du ha med mat og drikke til to måltid.

Ha ekstra plass i sekken til å bære breutstyr (hjelm, stegjern, klatresele og isøks)

Dette er ein tur som krev godt vêr, men det treng ikkje vere strålande sol. Vi tek difor førehald om avlysing.

Obs; det kan kome noko endring på tidspunkt, i så tilfelle vil det bli sendt ut informasjon i forkant av aktiviteteten

Ved samkøyring på kortare turar, betalar passasjer direkte til sjåfør. Kr 50 for turar inntil 40 km ein veg; kr 70 – 100 for lengre turar.

Turen er ein samarbeidstur med Sunnfjord U40, men er open for alle!

DNT-Medlem– kr 200
Ikke DNT-medlem– kr 400

 

Detaljar

Dato
1. september
Tid:
08:00 - 18:00
Billettpris:
kr200–kr400

Arrangør

DNT

Detaljar

Dato
1. september
Tid:
08:00 - 18:00
Billettpris:
kr200–kr400

Arrangør

DNT