Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

U40 x Naturvernforbundet x DNT // Heile Norge båler

18. januar kl 18:00 - 20:30

Velkommen til kick-start av Friluftslivets år for unge vaksne! 
Bli med på ein stemningsfull kveld rundt bålet laurdag 18. januar, saman med andre friluftsglade unge vaksne.

Oppmøte: Vi møtast ved Vieåsen barnehage kl. 18.10. Bybussen frå busstasjonen kl. 18.00 tek deg rett dit om du treng transport!

Frå barnehagen går vi i samla tropp opp til dagsturhytta Gytta – ein liten, men stemningsfull tur på om lag ein kilometer og 200 høgdemeter. På toppen ventar ei bålpanne, ein lun gapahuk og ei fantastisk utsikt over det opplyste sentrum!

Dette skjer ved bålet:

  • Vi fyrer opp bålpanna og serverer pølser i brød.
  • Det blir ein sosial bålquiz med tilfeldige lag – gøy og lavterskel!
  • God tid til prat, latter og hygge rundt flammane.

Hugs å ta med:

  • Hovudlykt og sitjeunderlag
  • Gode, varme klede (du blir fort kald når du sit i ro)
  • Drikke etter eige ynskje – gjerne noko varmt og kanskje nokre kalde bobler!

Arrangementet er gratis og ope for alle, tiltenkt aldersspenn ca 20 – 40 år. Det krev ikkje påmelding. Du står fritt til å vere så kort eller lenge du ynskjer utover kvelden – men vi rundar offsiellt av 20.30.

Det er alltid ein plass til rundt bålet vårt. Bli med på ein uforgløymeleg kveld under stjernene (eller ikkje) – vi gler oss til å sjå deg!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Indre Sunnfjord Turlag, Naturvernforbundet & Sunnfjord U40.

Om Heile Norge båler.
Dette er ein nasjonal kampanje som feirar friluftsliv og samhald ved å oppmuntre folk til å samle seg rundt bål over heile landet på ein og same dag. Kampanjen markerer starten på Friluftslivets år 2025 og har som mål å inspirere fleire til å nyte naturen og oppdage gleda ved å vere ute.

Bålet symboliserer fellesskap, varme og hygge – ein møteplass der alle er velkomne, uansett erfaring med friluftsliv. Arrangementa kan variere frå små, lokale samlingar med bål og grilling, til større aktivitetar som naturstiar, utandørsspel eller friluftslivsdemonstrasjonar.

Kampanjen legg vekt på låg terskel for deltaking og er ei fin anledning til å samlast ute, bli kjent med andre og skape gode minner i naturen.

Detaljar

Dato
18. januar
Tid:
18:00 - 20:30

Stad

Vieåsen Barnehage
Rennekleiva 2
Førde, 6812
+ Google-kart

Detaljar

Dato
18. januar
Tid:
18:00 - 20:30

Stad

Vieåsen Barnehage
Rennekleiva 2
Førde, 6812
+ Google-kart