Anne Oline Gullaksen
Saman med Førdefestivalen har vi valgt ut det vi meiner er den råaste konserten under Førdefestivalen 2023. Gangar er eit norsk folkerock-band som drar fram både fele og saksofon på scena. Er det ein ting du vil få med deg denne veka, trur vi det er denne energiske gjengen!
Vi møtast på terrassen utanfor restauranten på Scandic i forkant av konserten. DJ Silje setter stemninga og det vert servert grilltallerken til alle med billett.
Ved dårleg vêr er det berre å følge grillukta inn i lokalet.
Billettpris: 250 kr, dette inkluderer middag