Gira på å prøve ein ny sport? Eller kanskje du har drive med orientering før, men ikkje i Sunnfjord?
Uansett om du er erfaren eller heilt fersk inviterer Mark Purkis og Charlotte Watson (ivrige U40ar og tilflyttarar til Sunnfjord) deg med til å teste orientering saman med dei i Vieåsen.
Mark og Charlotte vil gje opplæring til alle U40ar, slik at du forstår korleis orientere deg igjennom ettermiddagens løype. Det vil vere ei enkel gateløype for deg som er nybegynnar, men òg ei litt meir utfordrande løype om du ynskjer å utfordre deg sjølv.
Ein kan velge å teste ut ei løype aleine, eller du kan velge å komme deg gjennom postane i grupper med andre.
BONUS: Har du barn over 8 år? Orienteringsgruppa arrangerer o-skulen samstundes. Du kan altså ta med barnet ditt og dei kan òg få lov til å teste orientering denne ettermiddagen i Vieåsen.
U40 sponsar deltakinga di denne kvelden dersom du melder deg på til orienteringsgruppa via lenka under.