
Sunnfjord filmklubb og U40 inviterer alle til ein særskild semesterslutt, der film, musikk, vin og fellesskap smeltar saman.
Ilag med U40 samlast vi denne gongen på ELVESUS og forvandlar lokalet til ei scene med konsertfilmen Stop Making Sense, med det ikoniske rockebandet Talking Heads! Dette vert eit musikalsk bakteppe for kveldens stemningsfulle samankomst; her er praten, godstemninga, mat og drikke i sentrum. Ingen skal vere redd for å snakke over filmen denne aftanen!
Camilla Aasen stiller opp for å setje godsmak på stemninga med hennar eigen Vestavin der ho byr på smaksprøver av eit utval vinar under pausar i filmen. Skulle noko av det falle i smak, kan ein fylle glaset med meir som ein kan kjøpe frå baren.
Stop Making Sense er meir enn ein konsertfilm – det er ei rytmisk reise som fangar Talking Heads på sitt mest nyskapande og energiske. Frå augeblinken David Byrne kjem inn på scena med kassettspelar og akustisk gitar, veks showet frå det minimalistiske til det ekstatiske. Med legendariske låtar som “Psycho Killer”, “Once in a Lifetime” og “Burning Down the House” syner filmen eit band som blandar funk, punk og rock, til ein unik cocktail av særeigen stil.
Under denne kvelden vil vi òg avsløre to av filmane for neste semester. Resten skal du få lov til å avgjere! Vi samlar inn forslag frå alle gjestar som har ein tanke om ein film som klubben kan setje opp. Møt opp i god tid, ta med vener – og slepp praten og tyrsten laus!
Arrangementet er sjølvsagt opent for alle – over og under 40! Er du over og ynskjer å ta del? Bli medlem i Sunnfjord filmklubb!
Prisen for smakinga er 50 kroner per person. Du bestiller smaking saman med billetten.
Det finst mange ulike alkoholfrie alternativ i Elvesus sin bar!
Det finst mange ulike alkoholfrie alternativ i Elvesus sin bar!
Stop Making Sense (1984)
År: 1984
Regi: Jonathan Demme
Lengde: 88 min
Aldersgrense: 20 år
Sjanger: Musikk, dokumentar
Med: David Byrne, Chris Frantz, Tina Weymouth, Jerry Harrison
Regi: Jonathan Demme
Lengde: 88 min
Aldersgrense: 20 år
Sjanger: Musikk, dokumentar
Med: David Byrne, Chris Frantz, Tina Weymouth, Jerry Harrison