Torsdag 27.august inviterer Indre Sunnfjord Turlag i samarbeid med Sunnfjord U40 til fellestur på Eikåsnipa.
Turleiar denne dagen vert Julia Mørk, ei livlig dame på 28 år som elskar å kome i kontakt med nye menneske.
Turen til Eikåsnipa vert rekna som middels krevjande då ein skal gå frå 310 – 826 moh. Turen er 2,5 km lang og ein reknar ca 1,5time opp i pratetempo. Det er flott utsikt mot Førde, Angedalen og Jølster!
Vi møtast på Festplassen i Førde kl.11 for samkøyring inn i Flugedalen, som er ein sidedal til Angedalen.
(du kan også møte direkte på parkeringa i Flugedalen, bomveg kr 30,-)