Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

U40 x DNT // Kveldsmattur til Gytta

23. april kl 19:10 - 21:10

Indre Sunnfjord Turlag inviterar til kveldsmattur!

Vi møtast ved Vieåsen bhg kl.19.10, om du ikkje kjem deg dit for eiga maskin kan du ta bybussen som går frå busstasjonen kl.18.00. Frå barnehagen går vi tur til dagsturhytta Gytta, på området er det både bålpanne og gapahuk! Det er også flott utsikt ned mot eit opplyst sentrum. Det er om lag ein kilometer og 200 høgdemeter å gå til Gytta.

Vi fyrer i bålpanna og ynskjer at alle tek med sin eigen mat; fiskeburger i pita, toast i folie, skattekiste eller klassiske pølser. Turlaget stiller med S’mores!
Elles rår vi deg til å ta med; ein kubbe ved, varm eller kald drikke etter eige ynskje, sitjeunderlag og klede etter vêret (ha gode sko og varme klede til å ha på når ein sit i ro på toppen).

Arrangementet er gratis og krev ikkje påmelding.
Tidspunkt er tilpassa bybussen, men kan gjerne vere lenger dersom vêr og stemning tilseier det.
Håpar du vert med på ein kjekk bålkveld saman andre friluftsglade!

Detaljar:

Dato
23. april
Tid:
19:10 - 21:10

Lokale

Vieåsen Barnehage
Rennekleiva 2
Førde, 6812
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
23. april
Tid:
19:10 - 21:10

Lokale

Vieåsen Barnehage
Rennekleiva 2
Førde, 6812
+ Google-kart