Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

U40 X Den dama: Livepod frå Nynorskhuset – ope for alle

8. mars kl 20:00 - 23:00

- 50 kr
To unge smilende kvinnerErik Hovland
Sett av kvelden! Fredag 8. mars inviterer Firda til livepodkast med Den dama, i samarbeid med Sunnfjord U40 og Teater Vestland.

I høve kvinnedagen inviterer vi til spesialpod med noko attåt. Den nye podkasten til Firda flyttar studio til scene 2 i Nynorskhuset for kvelden – og du er invitert til å bli med.

Her blir det garantert god stemning når Røyst riggar opp bar i black boxen. På scena blir det gode samtalar med spennande damer og etter poden kan du henge att for å slå av ein prat eller ti med kjente og ukjente. Les meir om programmet i billett-lenka.

Kor?
Scene 2 i Nynorskhuset.
Kor tid? Dørene opnar klokka 20, så kom gjerne då – så rekk du å slå av ein prat og fylle glaset før podstart klokka 20.30.
Svolten? Etter podkasten serverer Røyst spicy toast med fries til dei som bestiller på førehand. Legg det til i billetten din.

Etter podkastshowet blir det open bar i Scene 2 og i Røyst.

Arrangementet er ope for alle og kostar 50 kroner. For å sikre deg plass må du bestille billett.
Varm opp med teater! Det er ikkje det einaste som skjer på Nynorskhuset denne kvelden. Vil du gjere det til ein all nighter så markerer Teater Vestland kvinnedagen med forestillinga «Den heilage kua – om å føde ein nordmann». Her får du ei humoristisk og poetisk framsyning om morskap og fødselsomsorg, om felleskap og likestilling, om språk, identitet, feminisme og integrering. Forestillinga startar kl 19, og er ferdig 20 – så du rekk begge deler. Kjøp billett her: https://teatervestland.no/billettar-hoved…

Detaljar:

Dato
8. mars
Tid:
20:00 - 23:00
Billettpris:
50 kr
Nettstad:
https://app.checkin.no/event/70293/u40-x-den-dama-livepod-fra-nynorskhuset

Arrangør

Sunnfjord U40

Lokale

Nynorskhuset
Storehagen 9
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
8. mars
Tid:
20:00 - 23:00
Billettpris:
50 kr
Nettstad:
https://app.checkin.no/event/70293/u40-x-den-dama-livepod-fra-nynorskhuset

Arrangør

Sunnfjord U40

Lokale

Nynorskhuset
Storehagen 9
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart