
Sunnfjord U40 og Førde Klatresenter inviterer til U40 Buldreleikane!
Bli med på buldreleikane og opplev ekte kameratskap og meistring i lag med andre frå U40 💪
Dette er ei klatreutfordring for absolutt alle, enten du er ein nybegynnar eller ein klatremester 🧗♀️
Her gjeld det å erobre så mange ruter som mogleg på buldreveggen – frå dei enklaste, til dei meir utfordrande rutene som setter ferdigheitene dine på prøve.
Aldri klatra før? Ingen problem! Her er det garantert ruter som kven som helst vil klare. Dette er lågterskel moro der alt handlar om ha det kjekt saman og heie kvarandre fram.
Så spenn på deg klatreskoa, finn di indre fjellgeit, og bli med oss på eit buldreeventyr du ikkje vil gå glipp av!
⏰ Stad og tidspunkt
Førde klatresenter. Torsdag 27.mars.
Konkurransen startar kl. 18.00 og varer til 20.00.
Premieutdeling blir kl. 2015.
Kom gjerne litt før konkurransestart for å få på klatreskoa og varme opp, og bli gjerne igjen etter konkurranseslutt for meir klatring og mingling. Senteret stenger kl. 22.00
Deltakar får utlevert eit ark der de kryssar av dei utvalde rutene ein har klart. Arka leverast inn ved konkurranseslutt.
Aleksander frå ressursgruppa er der kl.17.30 for ta i mot U40-deltakara.
🎁 Premier
Vi trekker tilfeldige vinnarar – og i tillegg vankar det ein premie til den som klatrar flest ruter. Alt du treng å gjere er å erobre éi rute, så er du med i trekninga.
🤑 Pris
Førde klatresenter er så hyggelege at dei tilbyr 20 % rabatt på drop-in og gratis leige av sko for U40-deltakerene. Prisen for drop-in vert då 110 kr. Hugs å gi beskjed i kassa at du er U40-deltakar.
Bli med då vel!


