
Kveldsmattur til Gytta!
I samarbeid med Sunnfjord U40 inviterer Indre Sunnfjord Turlag til ein koseleg kveldsmattur for unge vaksne!
Oppmøte: Vieåsen barnehage kl. 19.10
Transport: Bybussen frå busstasjonen kl. 19.00 for dei som treng skyss
Turlengde: Ca. 1 km / 200 høgdemeter
Frå barnehagen går vi saman opp til dagsturhytta Gytta, der vi finn både bålpanne, gapahuk og flott utsikt over det opplyste sentrum.
Mat på bålet: Vi tenner opp bålpanna, og du tek med din eigen kveldsmat – kanskje fiskeburger i pita, toast i folie, skattekiste eller klassiske pølser? Turlaget stiller med S’mores!
Etter kvart vert ein delt inn i tilfeldige lag for å quizzast!
Pakkeliste:
Ein kubbe ved
Varm/kald drikke etter eige ynskje
Sitteunderlag
Klede etter vêret (gode sko og varme klede til å sitje i ro)
Arrangementet er gratis og krev ikkje påmelding. Tidspunktet er tilpassa bybussen, men vi held gjerne på lenger dersom vêr og stemning tilseier det.
Håpar du blir med på ein kjekk bålkveld saman med andre friluftsglade!