Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Gründerkveld hos Tibber!

20. juni kl 18:00 - 21:00

- kr100

Drøymer du om å ha di eiga bedrift ein gang i framtida?
Å skape ein arbeidsplass for deg sjølv og kanskje fleire?
Eller kanskje du er nysgjerrig på korleis det er å jobbe i ein startup?

Sunnfjord er heilt rå på entreprenørskap. Det er ikkje mangel på kreative og dyktige sjeler som har fått til mykje bra i regionen. Vi har invitert ein god bukett med inspirerande og erfarne gründerar til ein sofaprat for å lære av deira oppturar og nedturar. Sigrid Førde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken, leiar oss gjennom kvelden.

Program:

18.00 – Velkommen
18.45-19.15 – Sofaprat
pause + mingling & shuffleboard
19.30 – 20.00 – Sofaprat
Mingling utover kvelden

 

Dei her møter du

Edgeir Aksnes – CEO og co-founder av Tibber

Asbjørn Lote – Youtubar og eigar av Polyfjord

Silje Viktora Gravdal Vallestad – Butikksjef og medeigar av Poden og Boden

Rune Viken – CTO og co-founder av Intin Smarthus

Emil Rasmussen – Utviklar og Fotograf i Vookal

Joachim Vie – Dagleg leiar i Norse Feedback

Sindre Seppola Reed – Dagleg leiar i PocketID

 

Alle har ulike inngangar til gründerverden og brenn for ulike tema.

  • Å hoppe i det- er det for alle?
  • Å våge!
  • Motivasjon- er dette noko som kjem automatisk?
  • Kva treng eg andre til?
  • Korleis måle suksess?
  • Dette må på plass før eg satsar, og før eg satsar vidare…

Mellom sofa-pratane kan ein ta seg ei runde shuffleboard og nettverke med gründerane i Tibber sine heilt nye lokaler!

Velkommen!

Servering: Snacks og øl

 

 

Detaljar

Dato
20. juni
Tid:
18:00 - 21:00
Billettpris:
kr100

Stad

Tibber
Hafstadvegen 38
Førde, 6800
+ Google-kart

Detaljar

Dato
20. juni
Tid:
18:00 - 21:00
Billettpris:
kr100

Stad

Tibber
Hafstadvegen 38
Førde, 6800
+ Google-kart