Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Kaffi & karriereprat med Amund Fjeldstad

6. juni 2023 kl 08:00 - 09:30

- 100kr
Amund Fjeldstad

Trøtt i trynet på morgonen? Fortvil ikkje, her kjem oppfriskinga du har venta på. Tysdag 6. juni kan du nemleg starte dagen med Kjetil frå Sognefjord Kaffibrenneri – før du får nokre skikkeleg gode karriereråd frå Amund Fjeldstad.

Saman med Sunnfjord U40 kan du starte dagen klokka 08.00 med Kjetil Russenes frå Sognefjord Kaffibrenneri. Forrige gong lurte han på om de kunne kjenne forskjell på ein kaffi frå Sør-Amerika og ein frå Afrika? Kva skal han vise oss denne gangen? Kjetil vil servere oss god kaffi og fortel litt om reisa han har hatt med Sognefjorden kaffibrenneri. Det vert òg servert frukost frå kafe Sobra.

Når kaffien har begynt å verke, køyrer vi på med sommarens karrieretips! Amund Fjeldstad, tidlegare Europasjef for Gartner og forfattar av «Karriereboka», har lova oss intet mindre enn nøkkelen til eit godt arbeidsliv denne morgonen.

Stad: Prosjektsenteret hos Lotteri- og stiftelsestilsynet i Storehagen 1. Vi står utanfor, så du finn vegen inn!

Tid: Tysdag 6. juni 08-09.30. Dersom du droppar kaffien, men vil rekke foredraget bør du vere på plass til 08.20.

50 plassar:  Førstemann til mølla!

Detaljar:

Dato
6. juni 2023
Tid:
08:00 - 09:30
Billettpris:
100kr

Arrangør

Sunnfjord U40

Lokale

Storehagen 1B
Storehagen 1B
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
6. juni 2023
Tid:
08:00 - 09:30
Billettpris:
100kr

Arrangør

Sunnfjord U40

Lokale

Storehagen 1B
Storehagen 1B
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart