
Kveldsmattur til Gytta!
Oppmøte: Vieåsen barnehage kl. 19.10
Transport: Bybussen frå busstasjonen kl. 19.00 for dei som treng skyss
Turlengde: Ca. 1 km / 200 høgdemeter
Frå barnehagen går vi saman opp til dagsturhytta Gytta, der vi finn både bålpanne, gapahuk og flott utsikt over det opplyste sentrum.
Mat på bålet: Vi tenner opp bålpanna, og du tek med din eigen kveldsmat – kanskje fiskeburger i pita, toast i folie, skattekiste eller klassiske pølser?
Etter kvart vert ein delt inn i tilfeldige lag for å quizzast!
Pakkeliste:
Ein liten dagstursekk
Mat og varm/kald drikke.
Sitjeunderlag.
Klede etter vêret (gode sko og varme klede til å sitje i ro)
Valfritt: ein kubbe ved.
Arrangementet er gratis og krev ikkje påmelding.

