Indre Sunnfjord Turlag & Sunnfjord U40 inviterar til kveldsmattur ved Hunsrasta tysdag 19.november!
Frammøte på festplassen kl.19.00 for samkøyring til Langelandshøgda der ein parkerar. Frå høgda er det ein 2km lang grusveg inn til Hunsrasta, ca 30min å gå. Du kan sjå området som del av denne turbeskrivinga.
Ved Hunsrasta fyrer vi opp bålpanner slik at ein kan grille medbrakt kveldsmat og nyte ein kopp varm drikke
(Turlaget tek med kokekjel til varmt vatn og ymse pulver)
Ta med deg: ein kubbe ved, hovudlykt, gode klede, sitjeunderlag, kopp og det du ynskjer av mat.
Treng du tips til enkel, digg turmat? Kva med toast i folie, laks i folie, fiskeburger i pita eller klassiske pølser?
Vi håpar på stjerneklårt vêr og måneskinn, om ikkje plasserar vi oss under tak i gapahuken.
Inga påmelding, vel møtt!