Arrangement

Lastar Hendingar

« All Events

DNT x U40 // Fottur til Kvamshesten via egga

14. september kl 10:00 - 18:00

- Free

Indre Sunnfjord Turlag planlegg denne dagen tur til Kvamshesten – via egga.

Oppmøte 

Samkøyring frå Festplassen i Førde kl.09.00, ev oppmøte ved parkering Stølshaugane kl.09.45
Ved samkøyring betalar passasjerar direkte til sjåfør. IST anbefalar Kr 50 for turar inntil 40 km ein veg; kr 70 – 100 for lengre turar.

Oppstigning via Egga langs austryggen:
Høgde: 411 -1209 moh.
Lengde: 4km
Tid: 2,5t opp.
Opptur Indre Sunnfjord s.291
Turen startar på god sti opp til dagsturhytta Skaraly (750moh). For å gå egga tek vi til venstre for Skardvatnet og siktar mot ryggen mot toppen. Oppstigninga er noko bratt, men ikkje slik at ein treng tau. Ruta vil på nokre stader følast luftig, ein bør difor takle høgda godt.

Oppstigning via egga gjennomførast kun om det er tørt og godt vêr, elles er det nokre sva som vil vere ekle å passere. Vi sender ut melding om det vert endring i ruteval.

Retur via Vardehaugane (den vanelge DNT-ruta til Storehesten).
Nesten 7km og ca 1000 høgdemeter nedstigning. Sjå denne turbeskrivinga på UT.

Turleiarar: Jarle Øygard & Rune Kristiansen.

Turen er ein samarbeidstur med Sunnfjord U40, men den er open for alle som ynskjer!
Turen er graits, men krev påmelding!

Detaljar

Dato
14. september
Tid:
10:00 - 18:00
Billettpris:
Free

Arrangør

DNT

Detaljar

Dato
14. september
Tid:
10:00 - 18:00
Billettpris:
Free

Arrangør

DNT