Indre Sunnfjord Turlag & Sunnfjord U40 inviterar til førjulshygge & nissegraut ved Hunsrasta torsdag 21.november! Kall det eit utandørs julebord om du vil?
Frammøte på festplassen kl.18.00 for samkøyring til Langelandshøgda der ein parkerar.
Frå høgda er det ein 2km lang grusveg inn til Hunsrasta, ca 30min å gå.
Du kan sjå området som del av denne turbeskrivinga.
Ved Hunsrasta vert det servert graut m/mandelpremie, saft, gløgg og peparkaker!
Kanskje vert det også ein liten konkurranse?
Ta med deg: hovudlykt, gode klede, sitjeunderlag, kopp, skål og skei (då sparar vi eingangsservise).
Påmelding innan 18.november
Deltakaravgift; 60,- medlem, 120,- ikkje-medlem.